1814 (romartal MDCCCXIV) var eit normalår som byrja på ein laurdag i den gregorianske kalenderen .
Året var prega av Napoleonskrigane , som førte til krigshandlingar og politiske omveltingar fleire stader i verda, til dømes gjennom Kielfreden , Gent-traktaten og wienerkongressen . Napoleon abdiserte og drog i eksil , og monarkiet blei gjeninnført i Frankrike . I Noreg vart unionen med Danmark oppheva, grunnlova vert vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige .
Hendingar
Utlandet
Slaget om Paris, måla av Bogdan Willewalde i 1834.
Signeringa av Gent-traktaten. Måleri frå 1914 av Amédée Forestier .
14. januar : Gjennom Kieltraktaten (Kielfreden) gav Danmark herredømet over Noreg til Sverige, og fekk herredømet over Vest-Pommern .
29. januar : Den sjette koalisjonskrigen . Keisar Napoleon I av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Brienne .
31. januar : Gervasio Antonio de Posadas blei øvste direktør for dei sameinte Río de la Plata-provinsane , forløparen til Argentina .
14. februar : Den sjette koalisjonskrigen . Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Vauchamps .
18. februar : Den sjette koalisjonskrigen . Napoleon av Frankrike sigra over austerrikske og württembergiske styrkar leidde av kongen av Württemberg i slaget ved Montereau .
7. mars : Den sjette koalisjonskrigen . Napoleon av Frankrike sigra over russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher i slaget ved Craonne .
10. mars : Den sjette koalisjonskrigen . Russiske og prøyssiske styrkar leidde av von Blücher sigra over Napoleon av Frankrike i slaget ved Laon .
12. mars : Den sjette koalisjonskrigen . Den franske kongssonen Louis-Antoine, hertug av Angoulême, gjekk inn i Bordeaux , noko som markerte restaurasjonen av Bourbon-dynastiet .
25. mars : Skipinga av Den nederlandske banken , sentralbanken i Nederland.
27. mars : 1812-krigen . USA-amerikanske styrkar leidde av general Andrew Jackson sigra over creekfolk i slaget ved Horseshoe Bend i Nord-Alabama.
30. mars : Den sjette koalisjonskrigen . Styrkar frå koalisjonen mot Napoleon gjekk inn i Paris . Underskrivinga av Paris-traktaten enda krigen offisielt.
6. april : Bourbon-restaurasjonen . Hertug Ludvig av Provence, seinare Ludvig XVIII av Frankrike , blei beden om å ta den franske trona.
10. april : Den spanske sjølvstendekrigen . Franske styrkar under Jean-de-Dieu Soult kjempa mot franske, spanske og portugisiske styrkar i Toulouse . Begge sider hadde store tap, og begge hevda seinare at dei hadde sigra.
11. april : Napoleon abdiserte som keisar av Frankrike.
25. juli : George Stephenson prøvde ut det første lokomotivet sitt, Blucher , i Killingworth i England.
7. august : Pave Pius VII gjenoppretta jesuittordenen i heile verda med bullen Sollicitudo omnium ecclesiarum .
13. august : London-konvensjonen mellom Storbritannia og Nederland blei underskriven. Konvensjonen gav Nederland tilbake dei fleste koloniane landet hadde hatt i 1803 før Napoleonskrigane.
24. august : 1812-krigen . Britiske styrkar okkuperte Washington D.C. og sette fyr på fleire bygningar, mellom dei Det kvite huset og Capitol .
13. september : 1812-krigen . Slaget ved Baltimore var eit vendepunkt i krigen. Det amerikanske forsvaret av Fort McHenry inspirerte Francis Scott Key til å skriva diktet som seinare blei nasjonalsongen «The Star-Spangled Banner ».
16. oktober : Ølflaumen i London fann stad då oppimot 1,5 mill. liter øl flauma utover Tottenham Court Road. Fleire menneske mista livet.
7. november : 1812-krigen . Andrew Jackson tok Pensacola i Florida.
24. desember : 1812-krigen enda offisielt då Gent-traktaten blei underskriven.
Noreg
Måleriet Eidsvold 1814 blei utført av Oscar Arnold Wergeland 70 år etter riksforsamlinga på Eidsvoll .
Unionen med Danmark vart oppheva, grunnlova vart vedteken og Noreg kom i ein ny personalunion med Sverige .
Fødde
Sjå òg Fødde i 1814 .
Samtidig teikning av Hong Xiuquan.
1. januar : Hong Xiuquan , kinesisk opprørar
4. januar : Christian Birch-Reichenwald , norsk embetsmann og politikar
26. mars : Carl Fredrik Diriks , norsk teiknar og embetsmann
27. januar : Eugène Viollet-le-Duc , fransk arkitekt
30. mars : Mikhail Bakunin , russisk revolusjonær
1. april : Søren Jaabæk , norsk bonde og politikar
21. april : Angela Burdett-Coutts , britisk velgjerar
19. juli : Samuel Colt , amerikansk oppfinnar og våpenmakar
10. august : Ketil Motzfeldt , norsk embetsmann og politikar
13. august : Anders Jonas Ångström , svensk fysikar og astronom
14. august : Adolph Tidemand , norsk målar
27. august : Heinrich Ernst Schirmer , tysk arkitekt
15. oktober : Mikhail Lermontov , russisk diktar
6. november : Adolphe Sax , belgisk musikar, oppfinnar av saksofonen
13. desember : Ana Néri , brasiliansk sjukepleiepioner
Døde
Sjå òg Døde i 1814 .
Joséphine de Beauharnais måla rundt 1812 av Firmin Massot .
26. februar: Johan Tobias Sergel , svensk kunstnar
27. februar: Margaret Bingham , britisk målar og forfattar
6. mai: Georg Joseph Vogler , tysk komponist
29. mai: Joséphine de Beauharnais , fransk keisarinne
21. august: Benjamin Thompson , angloamerikansk fysikar og oppfinnar
16. oktober: Georg Wasmuth , norsk offiser og eidsvollsmann
28. august: Erik Must Angell , norsk jurist og politikar
8. september: Maria Karolina av Austerrike , dronning av Napoli og Sicilia
19. oktober: Mercy Otis Warren , USA-amerikansk forfattar
18. november: Aleijadinho , brasiliansk bilethoggar og arkitekt