Amerikanske urfolk

Gut frå Hooper Bay i Alaska (Foto: Edward S. Curtis, 1930)
Kvinne og jente av hopifolket frå Arizona (Foto: Henry Peabody rundt 1900)
Xavantefolk frå Brasil utfører ein tradisjonell dans. (Foto: Gervásio Baptista/ABr 2004)

Amerikanske urfolk er alle dei ulike folkeslaga som heldt til i Amerika før Columbus innleia koloniseringa av verdsdelen. Tidlegare, nokså upresise nemningar for desse folka er indianarar og eskimoar.

Historie

Antropologisk og genetisk forsking tyder på at dei amerikanske urfolka vandra inn i verdsdelen frå Sibir over ei landbru i Beringsundet for 17 000 til 11 000 år sidan. Dette kan ha skjedd i fleire bølger og førte til slutt til at verdsdelen blei busett av folkegrupper med ulike kulturar og levevis.

Medan mange grupper, særleg i Nord-Amerika, levde som nomadar av jakt og sanking, skapa andre jordbrukssamfunn med landsbyar og byar, som i Aztekar- eller Inkariket. Dei fleste levemåtane blei likevel sterkt endra etter at dei kom i kontakt med europearar, som innførte religion og samfunnsordningar frå sin verdsdel, i tillegg til nye dyr, sjukdommar, materiale og våpen.

Talet på dei innfødde amerikanarane sokk kraftig etter koloniseringa som følgje av erobringskrigar, tvangsflytting og sjukdommar dei ikkje hadde resistens mot. Dei har enda opp som minoritetar i mange av dei moderne amerikanske statane, og har òg mangla makt i dei statane der dei er i fleirtal.

Inndeling

Amerikanske urfolkgrupper er ofte blitt delte inn i stammar eller i breiare grupper, ut frå kva språk dei snakka.

Arktis

Subarktis

California

Eastern Woodlands

Great Basin

Plateau

Northwest Coast

Plains

Søraust

Karibia

Mesoamerika

Andes

Sub-Andes

Amazonaselva

Sentrale Amazonas

Austre og sørlege Amazonas

Sørspissen av Amerika

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Amerikanske urfolk