Baby Universal Singel av Tin Machine frå albumet Tin Machine II | ||
Utgjeve | Oktober 1991 | |
Innspelt | Sydney September–november 1989; April 1990; September–oktober 1990; Los Angeles, mars 1991 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 3:07 | |
Selskap | London LON 310 | |
Låtskrivar(ar) | David Bowie, Reeves Gabrels | |
---|---|---|
Produsent | Tin Machine, Tim Palmer | |
Tin Machine-kronologi | ||
«You Belong in Rock n' Roll» (1991) |
Baby Universal | «One Shot» (1991)
|
«Baby Universal» er ein song av Tin Machine, gjeve ut som den andre singelen frå albumet Tin Machine II i oktober 1991.
David Bowie og Reeves Gabrels spelte opphavleg inn ein demo av «Baby Universal» i 1988, før Tin Machine vart blitt skipa, men han vart skrinlagd for det første albumet etter at produsenten Tim Palmer meinte songen kanskje var «for fengande» for det første albumet.
Singelen kom ut i lag med songar spelte inn for radioprogrammet til Mark Goodier på BBC den 13. august 1991, og eit opptak frå Top of the Pops på BBC.
Bowie spelte inn «Baby Universal» på ny i 1996 for å ta han med på albumet Earthling, men han kom ikkje med på det endelege albumet, og kom til slutt ut i 2020 som ein del av EP-en Is it Any Wonder?.
«Baby Universal» vart framført av Tin Machine på «It's My Life-turneen» i 1991-1992 og av Bowie på «Outside sommarfestivalturné». Eit opptak frå It's My Life-turneen kom ut på albumet Tin Machine Live: Oy Vey, Baby (1992).
Produsentar
Musikarar
Liste (1991) | Plassering |
---|---|
US Billboard Alternative Songs | 30 |
US Mainstream Rock Tracks | 21 |