Under Pressure Singel av Queen & David Bowie frå albumet Hot Space | ||
B-side |
«Soul Brother» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 26. oktober 1981 | |
Innspelt | Mountain Studios i Montreux, juli 1981 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:02 | |
Selskap | EMI, Elektra | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | Queen og David Bowie | |
Produsent | Queen og David Bowie | |
Queen-kronologi | ||
«Flash» (1980) |
Under Pressure | «Body Language» (1982) |
David Bowie-kronologi | ||
«Up the Hill Backwards» (1981) |
Under Pressure | «Wild Is the Wind» (1981)
|
«Under Pressure» er ein song frå 1981 spelt inn av Queen og David Bowie. Det markerte første gong Bowie gav ut ei plate i lag med ein annan artist og vart òg gjeven ut på Queen-albumet Hot Space i 1982. Songen nådde førsteplassen på den britiske singellista. Songen vart kåra til den 31. beste songen frå 1980-åra av VH1.
Det var den siste førsteplassen til Queen i Storbritannia før «Innuendo» nesten ti år seinare.
Queen hadde arbeidd på ein song kalla «Feel Like», men var ikkje heilt nøgd med resultatet enno. Bowie hadde opphavleg kome til Mountain Studios for å synge korvokal på ein annan Queen-song, «Cool Cat», som til slutt vart redigert bort fordi han ikkje var nøgd med opptaket. Då han kom fram byrja dei å arbeide i lag og skreiv songen saman. Den endelege versjonen som vart «Under Pressure» utvikla seg frå ein jam bandet hadde med Bowie i studioet hans i Montreux i Sveits og er derfor tilskriven alle fem musikarane. Scat-synginga som dominerer mykje av songen kjem av improvisasjonane som vart gjort under jamminga. I følgje Queen-bassist John Deacon (sitert i eit fransk magasin i 1984), var det meste av songen hovudsakleg skriven av Freddie Mercury, sjølv om dei alle medverka til arrangementet. Den tidlegare versjonen utan Bowie, «Feel Like», finst på mange piratkopialbum og var skriven av Queen-trommeslagar Roger Taylor.
Det er noko forvirring om kven som skreiv basslinja i songen. John Deacon sa (i det japansk magasinet Musiclife i 1982, og i det førre nemnde franske magasinet) at David Bowie hadde laga linja. I eit nyare intervju, seier gitarist Brian May og trommeslagar Roger Taylor at det var Deacon som skreiv bassen. I følgje Bowie sjølv var basslinja alt skriven før han vart involvert. Han vart seinare sampla av Vanilla Ice på singelen hans «Ice Ice Baby» i 1990. Queen og Bowie fekk først honorar for denne singelen først etter singelen hadde vorte ein hit.
Singel 1981
EMI gav i 1988 ut ein 3" CD-versjon av singelen med «Body Language» som ei ekstra B-side.
I september 2005 skreiv nettmagasinet Stylus at basslinja var den beste i heile pophistoria. I november 2004 skreiv Stylus-kritikar Anthony Miccio at 'Under Pressure' er «den beste songen gjennom tidene» og skidlra han som Queen sitt 'opus'.
Sjølv om det var eit samarbeidsprosjekt, var det berre Queen som først byrja å spele songen på konsertane sine. Bowie valde ikkje å framføre songen før på Freddie Mercury Tribute Concert i 1992, då han og Annie Lennox song songen som ein duett (akkompagnert av dei andre i Queen). Etter at Mercury døydde og Outside-turneen i 1995, har Bowie spelt songen på nesten alle konsertane sine, med bassist Gail Ann Dorsey på Mercury sine vokalparti. Songen vart òg spelt på A Reality Tour av Bowie i 2004, då han ofte tileigna songen til Freddie Mercury. Queen + Paul Rodgers har nyleg òg framført songen. Som regel var det Roger Taylor i lag med Mercury sjølv som song Bowie sine vokal parti då Queen og Mercury framførte songen på konsertane sine.
Under Pressure (Rah Mix) Singel av Queen og David Bowie frå albumet Greatest Hits III | ||
B-side |
| |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 6. desember 1999 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:08 | |
Selskap | EMI, Parlophone | |
Tekstforfattar | David Bowie | |
Låtskrivar(ar) | Queen og David Bowie | |
Produsent | Queen og David Bowie | |
Queen-kronologi | ||
«Another One Bites The Dust (Small Soldiers Remix)» (1998) |
Under Pressure (Rah Mix) | «We Will Rock You» (2000)
|
Ein remiksa versjon (kalla «Rah Mix») vart gjeven ut i desember 1999 for å promotere Queen sitt Greatest Hits III og nådde 14. plass på den britiske singellista. Denne remiksen inneheld òg nye songar skriven av Brian May og Roger Taylor.
To CD-singlar (ein utvida med multimedia) kom ut 6. desember 1999 og ein 7" biletdisk kom ut 13. desember 19999. Sidan «Bohemian Rhapsody» vann ei kåring The Song of The Millennium, vart denne gjeven ut som B-side under tittelen «The Song of The Millenium/Bohemian Rhapsody»
Under Pressure (1981):
Land | Topp-plassering | Sertifisering |
---|---|---|
Argentina | 1 | |
Nederland | 1 | |
UK | 1 | Sølv |
Irland | 2 | |
Canada | 3 | |
Sør-Afrika | 4 | |
Noreg | 5 | |
New Zealand | 6 | |
Australia | 8 | |
Austerrike | 10 | |
Sverige | 10 | |
Sveits | 10 | |
Tyskland | 21 | |
USA | 29 | |
Japan | 88 |
Under Pressure – Rah Mix (1999):
Land | Topp-plassering | Sertifisering |
---|---|---|
UK | 14 | |
Nederland | 19 |
Songen vart i 2005 spelt av dei amerikanske alternative rockebanda The Used og My Chemical Romance i lag for til støtte for tsunamien dette året. Songen var opphavleg berre tilgjengeleg for nedlasting, men vart sidan gjeven ut som bonusspor på 2005-utgåva av The Used-albumet In Love and Death og vart mykje spelt på radio i 2005.