Charente

For elva med same namn, sjå elva Charente
Charente
Våpenskjoldet til Charente
Plassering
Plasseringa til Charente i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 16
Region: Poitou-Charentes
Préfecture: Angoulême
Sous-préfectures: Cognac
Confolens
Arrondissement: 3
Kantonar: 35
Kommunar: 404
Président du conseil général: Michel Boutant
Statistikk
Folketal Rangering 66.
 -1999 339 628
Folketettleik: 57/km²
Landareal¹: 5 956 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Charente er eit departement vest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Poitou-Charentes, og er kalla opp etter elva med same namn.

Historie

Charente er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna av den tidlegare provinsen Angoumois.

Geografi

Departementet er i dag ein del av regionen Poitou-Charentes og grensar til departementa Vienne, Haute-Vienne, Dordogne, Gironde, Charente-Maritime og Deux-Sèvres. Det inneheld delar av dei geografiske områda Poitou og Limousin.

Demografi

Innbyggjarane i departementet vert kalla charentais.

Økonomi

Konjakk og pineau er to store eksportvarer frå Charente. Dei produserer òg eit svært godt smør.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charente