Meuse

For elva med same namn på fransk, sjå Maas
Meuse
Våpenskjoldet til Meuse
Plassering
Plasseringa til Meuse i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 55
Region: Lorraine
Préfecture: Bar-le-Duc
Sous-préfectures: Commercy
Verdun
Arrondissement: 3
Kantonar: 31
Kommunar: 498
Président du conseil général: Christian Namy
Statistikk
Folketal Rangering 88.
 -1999 192 198
Folketettleik: 31/km²
Landareal¹: 6 211 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Meuse er eit departementet nordaust i Frankrike. Departementet ligg i regionen Lorraine, og er kalla opp etter elva Meuse, som er det franske namnet på Maas.

Historie

Meuse er ein av 83 opphavlege departement som vart oppretta den 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Han vart danna av dei tidlegare franske provinsane Barrois (området Bar-le-Duc) og Trois-Évêchés (området Verdun).

Departementet var ei av dei store slagmarkene under den første verdskrigen, og eit viktig slag vart utkjempa i Verdun i 1916.

Geografi

Meuse er ein del av regionen Lorraine og er omringa av dei franske departementa Ardennes, Marne, Haute-Marne, Vosges, Meurthe-et-Moselle, i tillegg til Belgia i nord.

Dei viktigaste elvane som renn gjennom departementet er:

Demografi

Folketalet har fall drastisk sidan 1800-talet på grunn av distriktsutflytting til byen.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Meuse