The Game Studioalbum av Queen | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. juni 1980 | |
Innspelt | Juni-juli 1979, februar-mai 1980 | |
Studio | Musicland Studios, München, Tyskland | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 35:39 | |
Selskap | EMI (Europe) Parlophone (Europe) Elektra (US) Hollywood (US) | |
Produsent | Queen, Mack | |
Queen-kronologi | ||
---|---|---|
Jazz (1978) |
The Game | Flash Gordon (1980) |
Singlar frå The Game | ||
|
The Game er det åttande studioalbum av det britiske rockebandet Queen, gjeve ut 30. juni 1980. Det var det einaste Queen-albumet som nådde toppen av albumlista i USA og var det bestseljande albumet deira i USA med fire millionar selde eksemplar så langt, like mykje som News of the World. Albumet fekk god kritikk. Kjende songar på albumet er mellom andre «Another One Bites the Dust» og rockabilly-låten «Crazy Little Thing Called Love», som begge nådde toppen av singellista i USA. The Game var det første albumet der Queen brukte synthesiser (ein Oberheim OB-X).
The Game har ein noko anna stil og lyd enn føregangaren, Jazz. Queen fortsette i same stilen på det neste albumet, Hot Space, og framtidige Queen-album. Med ei lengd på 35 minutt 39 sekund er The Game det nest kortaste studioalbumet til Queen, med filmmusikkalbumet Flash Gordon som det kortaste.
«Crazy Little Thing Called Love», «Sail Away Sweet Sister», «Coming Soon» og «Save Me» vart spelte inn frå juni til juli 1979. Resten av songane vart spelte inn mellom februar og mai 1980.
«Play the Game» var skriven av Freddie Mercury. Songen vart gjeven ut på singel i 1980 og nådde 14. plassen i Storbritannia og 42. plassen i USA. Songen vart framført på konsertane til bandet frå 1980 til 1982.
«Dragon Attack» var skriven av Brian May. Songen vart spelt på konsertane deira frå 1980 til 1985 og på nyare turnear med Adam Lambert. I Storbritannia vart han gjeven ut som B-sida til «Another One Bites The Dust». To miksar av songen var meint å kome ut på det skrinlagte BASIC Queen Bootlegs i 1992. Den første miksen var av Jack Benson og R.A.K. som bonusspor på 1991-utgåva av The Game. Den andre var ein instrumental miks av Dave Ogilvie.
«Another One Bites the Dust» var skriven av John Deacon. Songen er kjend som ein disco-låt og vart gjeven ut på singel etter at Michael Jackson føreslo dette. Jackson var stor fan av gruppa og såg dei ofte på konsert då dei kom til Los Angeles. «Another One Bites The Dust» vart ein stor suksess og gjekk til topps i AMerika og mange andre land. I Storbritannia nådde singelen sjuandeplassen. Etter suksessen med songen spelte Queen inn Hot Space, som er meir eitt discoalbum. Det vart den bestseljande singelen til Queen, med sju millionar selde eksemplar verda over. Songen vart spelt på konsertane til QUeen frå 1980 til den siste turneen med Mercury i 1986. Ein del av songen vart framført av Queen i lag med bandet Extreme under The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992.
«Need Your Loving Tonight» var skriven av Deacon. Songen vart gjeven ut på singel i november 1980 og nådde 44. plassen i USA. Songen vart sjeldan spelt under The Game-turneen tidleg i 1980-åra, og vart ikkje framført etter dette.
«Crazy Little Thing Called Love» var skriven av Mercury, medan han låg i eit boblebad på Bayerischer Hof Hotel i München, der Queen var under innspelinga av «The Game». I tillegg til å spele gitar på innspelinga, spelte Mercury òg gitar på konsertversjonane av songen. Songen nådde andreplassen i Storbritannia og gjekk til topps på Billboard Hot 100 i USA, der han låg i fire veker. «Crazy Little Thing Called Love» gjekk òg til topps i Australia, Canada, Mexico og Nederland. Songen er blitt spelt av mange andre artistar. «Crazy Little Thing Called Love» og «Another One Bites The Dust» var dei einaste Queen-singlane som nådde toppen av singellista i USA.
«Rock It (Prime Jive)» var skriven av Roger Taylor. Songen byrjar med Mercury som syng introduksjonen, før Taylor så syng resten av songen. Songen vart berre framført på konsertar i Nord- og Sør-Amerika, og i Japan, under The Game- og Hot Space-turneen.
«Don't Try Suicide» var skriven av Mercury og er den tredje og siste songen til Mercury på albumet. Songen vart aldri framført live. Han vart gjeven ut som B-sida til «Another One Bites The Dust» i Amerika. I 1992 remiksa DJ Muggs songen for det skrinlagde albumet BASIC Queen Bootlegs.
«Sail Away Sweet Sister (To the Sister I Never Had)» var skriven og sungen av May. Mellomspelet vart sungen av Mercury. Songen vart spelt inn i juli-juli 1979. Songen vart aldri framført live av QUeen, men vart spelt live av Guns N' Roses. Songen vart sampla av Das EFX i 1998 på songen «Change» frå albumet Generation EFX.
Songen finst òg på samlealbuma Deep Cuts, Volume 2 (1977-1982) og Queen Forever.
«Coming Soon» var skriven av Taylor. Mercury og Taylor deler solovokal. Songen vart påbyrja under innspelinga av Jazz. Songen er aldri blitt framført live av Queen.
«Save Me» var skriven av May, etter forholdet med ein ven av kona var over. May spelte dei fleste instrumenta på songen sjølv, inkludert akustisk og elektrisk gitar, piano og synthesizer. Songen vart framført frå 1979 til 1982. På konsertane vart songen spelt med ein liten pianointro som ikkje er på studioutgåva. Songen nådde 11. plassen på UK Singles Chart.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | |
Chicago Tribune | |
Encyclopedia of Popular Music | |
The Guardian | |
Record Mirror | |
The Rolling Stone Album Guide | |
Smash Hits | 3/10 |
Record Mirror skreiv då albumet kom ut, «Etter Zeppelin og sjølv før The Scorpions, er Queen det mest spanande bandet eg har sett eller høyrt. Og eg er sikker på at alle som elskar kvalitetsmusikk er samde». Rolling Stone meinte det var «fint å høyre eit Queen-album med songara, ikkje 'anthems'», men skreiv så «desse karane veit korleis denne musikken bør høyrast ut og kjennast, men dei klarar det ikkje heilt». The Washington Post var negative: «Etter fem år med lite utfordrande og triste album, var dette meint å vere comebacket til Queen. Men det var det ikkje.» Steve Taylor skreiv for Smash Hits og var like negativ: «mellom to delar av den vanlege symfobiske og/eller koraktige pomp-rocken til Queen ligg eit album med fullstendig uoriginale songar».
Creem-lesarane stemnte The Game til det sjuande beste albumet i 1980. Queen og Mack vart i 1981 nominerte til ein Grammy for beste produsent, medan «Another One Bites the Dust» vart nominert til beste rockelåt av ei gruppe eller duo. Queen var nominert til American Music Awards for beste pop/rock-band, medan «Another One Bites the Dust» fekk prisen for årets pop/rocksingel.
I nyare tid skreiv Allmusic og Stephen Thomas Erlewine om «discorock-blandinga» på albumet der dei «vendte seg bort frå rocken og tok eit steg mot popen», «og det som er eit av dei beste albuma deira.» Allmusic kalla The Game det beste Queen-albumet i 1980-åra. I 2008 rangerte magasinet Out albumet på 28. plass på ei liste der meir enn 100 skodepelarar, komikarar, musikarar, forfattarar, kritikarar og andre musikkfolk vart beden om å lage i liste over dei ti albuma som har gjort størst inntrykk på liva deira.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Play the Game» | Freddie Mercury | 3:30 |
2. | «Dragon Attack» | Brian May | 4:18 |
3. | «Another One Bites the Dust» | John Deacon | 3:35 |
4. | «Need Your Loving Tonight» | Deacon | 2:50 |
5. | «Crazy Little Thing Called Love» | Mercury | 2:44 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Rock It (Prime Jive)» | Roger Taylor | 4:33 |
7. | «Don't Try Suicide» | Mercury | 3:52 |
8. | «Sail Away Sweet Sister» | May | 3:33 |
9. | «Coming Soon» | Taylor | 2:51 |
10. | «Save Me» | May | 3:50 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
11. | «Dragon Attack» (1991 bonus remix av R.A.K. og Jack Benson) | 4:23 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Save Me» (live i Montreal, november 1981) | 4:18 |
2. | «A Human Body» (B-side) | 3:44 |
3. | «Sail Away Sweet Sister» (take 1 med guidevokal, februar 1980) | 2:34 |
4. | «It's a Beautiful Day» (original spontan ide, april 1980) | 1:31 |
5. | «Dragon Attack» (live i Milton Keynes i juni 1982) | 5:15 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
6. | «Vocal Improv/Dragon Attack» (live i Morumbi Stadium, 1981) | |
7. | «Save Me» (live i Seibu Lions, 1982) | |
8. | «Crazy Little Thing Called Love» (Saturday Night Live, 1980) |
Andre medverkande:
Vekeslister
|
Årslister
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Austerrike (IFPI Austerrike) | Gull | 25 000x |
Tyskland (BVMI) | Gull | 250 000^ |
Storbritannia (BPI) | Gull | 100 000^ |
USA (RIAA) | 4× Platina | 4 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |