Crazy Little Thing Called Love Singel av Queen frå albumet The Game | ||
B-side |
We Will Rock You (Fast Version - Live) Spread Your Wings (Live) (USA, Japan, Canada, Australia og New Zealand) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 5. oktober 1979 | |
Innspelt | Juni-juli 1979 | |
Sjanger | Rockabilly | |
Lengd | 2:42 | |
Selskap | EMI, Elektra (US) | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Queen og Reinhold Mack | |
Queen-kronologi | ||
«Love of My Life» (Live at Festhalle Frankfurt)
(1979) |
Crazy Little Thing Called Love | «Save Me»
(1980)
|
«Crazy Little Thing Called Love» er ein song av rockebandet Queen. Han vart skriven av Freddie Mercury i 1979 og kom ut i 1980 på albumet The Game, og sidan på samlealbumet Greatest Hits. Singelen nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1979 og gjekk heilt til topps på Billboard Hot 100 i USA i 1980, der han låg i fire veker. Han toppa singellista i Australia i sju veker.
Mercury skreiv «Crazy Little Thing Called Love» på gitar, og spelte rytmegitar då songen vart spelt på konsertane. Dette var første gongen Mercury spelte gitar på scenen med Queen. Queen spelte songen på konsertar mellom 1979 og 1986, og konsertopptak av songen finst på albuma Queen Rock Montreal og Queen at Wembley. Songen har sidan blitt spelt inn av mange andre artistar. Songen vart framført live 20. april 1992 under The Freddie Mercury Tribute Concert, av Robert Plant med Queen. Musikkstilen i songen vart av Karl Coryat skildra som rockabilly i boka The Bass Player Book.
Freddie Mercury fortalte i Melody Maker, 2. mai 1981, at han skreiv «Crazy Little Thing Called Love» på gitar i løpet av fem til ti minutt.
Songen vart skriven av Mercury som ei hyllest til Elvis Presley. Mercury tok med seg songen til studio kort tid etter og presenterte han for Taylor og John Deacon. Dei tre og den nye produsenten deira Reinhold Mack, spelte inn songen i Musicland Studios i München. Heile songen vart visstnok spelt inn på mindre enn ein halvtime (sjølv om Mack seier det var seks timar).
Musikkvideoen for songen vart filma i Trillion Studios i september 1979 og var regissert av Dennis De Vallance med fire dansarar og eit golv av hender. Ein alternativ versjon med klipp frå andre vinklar vart gjeven ut på DVDen Days Of Our Lives.
«Crazy Little Thing Called Love» nådde andreplassen på UK Singles Chart i 1979, og vart den første singelen deira som nådde toppen av lista i USA. Han vart slått ned frå førsteplassen av Pink Floyd-songen «Another Brick in the Wall, Part II.
Lister
|
Årslister
Salstrofé
|
Crazy Little Thing Called Love Singel av Dwight Yoakam frå albumet Last Chance for a Thousand Years: Dwight Yoakam's Greatest Hits from the 90's | ||
B-side |
«Let's Work Tegether»/«Doin' What I Did» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 19. mai 1999 | |
Sjanger | Country | |
Lengd | 2:22 | |
Selskap | Reprise | |
Komponist | Freddie Mercury | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Freddie Mercury | |
Produsent | Pete Anderson | |
Dwight Yoakam-kronologi | ||
«These Arms" (1998) |
Crazy Little Thing Called Love | «Thinking About Leaving" (1999)
|
Countryartisten Dwight Yoakam spelte inn ein versjon av songen i 1999 for albumet Last Chance for a Thousand Years: Dwight Yoakam's Greatest Hits from the 90's. Versjonen vart gjeven ut på singel og nådde 12. plassen på countrylista i USA i 1999. Han vart òg nytta i ein reklamefilm for klesmerket Gap. Musikkvideoen vart regissert av Yoakam. Versjonen hans finst i filmen The Break-Up (2006), med Vince Vaughn og Jennifer Aniston.
Liste (1999) | Plassering |
---|---|
Canada Adult Contemporary Tracks (RPM) | 19 |
Canada Country Tracks (RPM) | 1 |
UK Singles Chart | 43 |
US Billboard Hot 100 | 64 |
US Country Songs (Billboard) | 12 |
Liste (1999) | Position |
---|---|
Canada Country Tracks (RPM) | 22 |
US Country Songs (Billboard) | 64 |
|access-date=
requires |url=
(hjelp)