You Don't Fool Me Singel av Queen frå albumet Made in Heaven | ||
Utgjeve | 18. november 1996 | |
Innspelt | 1991 – 1995 | |
Sjanger | Funkrock, dance-rock | |
Lengd | 5:25 (album) 3:54 (singel) | |
Selskap | Parlophone (Europa) Hollywood (Nord-Amerika) | |
Komponist | Queen | |
Tekstforfattar | Freddie Mercury | |
Låtskrivar(ar) | Queen | |
---|---|---|
Produsent | Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Let Me Live» (1996) |
You Don't Fool Me | «No-One but You (Only the Good Die Young)» (1997)
|
«You Don't Fool Me» er ein song av Queen frå 1995 på albumet Made in Heaven. Han vart gjeven ut som singel i 1996 med forskjellige remixar av songen. Songen er ein av få som faktisk vart skriven og innspelt etter Innuendo-innspelingane, og vart skriven av heile bandet, rettleia av David Richards. Han vart ein hit verda over og nådde toppen av singellista i Italia.
«You Don't Fool Me» var ein av dei siste songane som vart spelte inn for albumet Made in Heaven og kom til på ein uvanleg måte. May har forklart på nettsida si at produsenten til bandet, David Richards, meir eller mindre skapte rammeverket for songen på eiga hand, med å setje saman bitar av vokalopptak gjort like før Mercury døydde. May har sagt at før Richard gjorde dette arbeidet, så var det ingen song å snakke om. Etter at Richards hadde redigert og miksa songen (mellom anna med klipp av harmonivokal innspelt for «A Winter's Tale»), presenterte han songen for dei andre medlemmane i bandet. Brian May, Roger Taylor og John Deacon la så på sine instrument og korvokal, og vart overraska over dei enda opp med ein ferdig song. Stilen på songen minnar om songar frå albumet Hot Space frå 1982.
Videoen er sett til ein nattklubb der ein ung mann møter den tidlegare kjærasten sin og minner om det korte forholdet deira. Temaet i songen kunne ha vore eit framhald av sogene frå dei tidlegare Queen-songane «Play the Game» og «It's a Hard Life».
Somme amerikanske 12"-singlar inneheld ikkje albumversjonen.
Sexy Club Mix er nesten den same på alle format. Den britiske CD- og 12"-versjonen har oppført feil tid, 10:53, når han i røynda berre er 10:18 som dei andre formata. Den britiske CD-versjonen har ein mastering-feil og dei fire første sekunda er tapt, slik at tida er 10:14.
«Queen Forever Megamix» inneheld vokalsamplingar frå fleire forskjellige Queen-songar, men ikkje «You Don't Fool Me». Han vart berre gjeven ut på ein avgrensa oransje promo-vinyl i Storbritannia.