The Invisible Man

The Invisible Man
Singel av Queen
frå albumet The Miracle
B-side

«Hijack My Heart»

Språk engelsk
Utgjeve 7. august 1989
Innspelt 1988
Sjanger Electronic rock
Lengd
  • 3:57 (album)
  • 5:04 (tidleg versjon med guidevokal)
  • 4:17 (video)
  • 5:28 (12" extended version)
Selskap
Komponist Roger Taylor
Tekstforfattar Roger Taylor
Låtskrivar(ar) Roger Taylor
Produsent
Queen-kronologi 
«Breakthru»

(1989)

The Invisible Man «Scandal»

(1989)


«The Invisible Man» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av trommeslagaren Roger Taylor. Songen er nesten sungen heilt av Freddie Mercury, med små bidrag av Taylor. Songen kom ut på albumet The Miracle og som singel i 1989. Taylor hevda han vart inspirert til å skrive songen etter å ha lese ei bok (kanskje boka med same namn av H.G. Wells), og basslinja kom brått til han. Songen markerer den einaste gongen alle dei fire bandmedlemmane er nemnte i teksten. Den første er Freddie Mercury, så John Deacon. Brian May vert nemnt to gonger (like før gitarsoloen), og «Roger Taylor» vert sagt med ein rullande «r» for å etterlikne trommevirvlar mot slutten verset.

Musikkvideo

I musikkvideoen spelar eit videospel kalla «The Invisible Man» ei stor rolle. Ein ung gut spelar eit spel, medan bandet (alle kledde i svart), som er «skurkane» i spelet, kjem inn i den verkelege verda og spelar songen på rommet hans. Medan dei spelar, prøver guten å skyte dei med spelkontrolleren. Frå tid til tid dukkar Mercury opp forskjellige stader på barnerommet, og forsvinn før guten kan skyte han. Den då 15 år gamle Danniella Westbrook spelar i videoen, og vart året etter med i såpeoperaen EastEnders.

Lister

Liste (1989) Plassering Veker på lista
Den nederlandske singellista 6 12
Den tyske singellista 31 12
Irish Singles Chart 10 3
Den italienske singellista 21 ?
Den newzealandske singellista 15 9
Den sveitsiske singellista 30 1
UK Singles Chart 12 6

Medverkande

Andre versjonar

Kjelder

Bakgrunnsstoff